Svein Lund
Norsk utdanningsreformer og samisk opplæring
Boka "Samisk skole eller Norsk Standard?" stiller spørsmålet om i kva grad skoleverket i Noreg har tatt omsyn til samiske elevar. Boka er ei samanfatting av skolehistoria i Noreg gjennom tidene, og behandlar den nasjonale norske og den samiske skolehistoria parallelt.
Her er stoff om den første samiske skoleopplæringa under Thomas von Westen, om fornorsking og "Finnefond", gjeninnføringa av samisk som undervisningsspråk fra 1960-talet og fram til reformene på 90-tallet i grunnskole, videregående skole og høgskole.
Forfattaren hevdar at etter at samisk språk og kultur gradvis fikk større plass i skolen gjennom 70- og 80-talet, var reformene på 90-talet eit tilbakeslag for det samiske innhaldet. Dette var ikkje resultat av ei planlagt fornorsking, men av at skoleverket skulle straumlinjeformast, bli einsretta som "Norsk Standard". Saman med den historiske framstillinga tar boka opp til drøfting viktige pedagogiske prinsipp for norsk og samisk skoleutvikling.
Utgitt: 2003-03
Innbinding: Myke permer
Sider: 112
Språk: Bokmål
ISBN: 9788273745155
Forlag: Davvi Girji