Ketil Zachariassen
Samepolitikk og nasjonsbygging 1900–1940. Isak Saba, Anders Larsen og Per Fokstad
Samiske nasjonale strategar er den første samla framstillinga av den samepolitiske kampen for samisk språk og kultur på første halvdel av 1900-talet.
Samiske nasjonale strategar er den første samla framstillinga av den samepolitiske kampen for samisk språk og kultur på første halvdel av 1900-talet. Til grunn ligg omfattande ny forsking om den samiske opposisjonens deltaking i det samiske og norske ordskiftet, både lokalt og nasjonalt. Ein kamp som på ulike vis involverte politikk, kultur og vitskap og som utfordra den norske skole- og fornorskingspolitikken, synet på tilhøvet mellom folk, nasjon og kultur og førestillinga om Norge som ein kulturelt homogen stat. Krav og problemstillingar som 100 år etter framleis er aktuelle. Boka presenterer ny kunnskap om dei fremste samiske strategane, om samisk og norsk politisk historie, om statsråd J. K. Qvigstad, fornorskingspolitikken, om arbeidarrørsla i Nord- Norge og om norsk minoritetspolitikk. På eit overordna plan problematiserer boka norsk nasjonsbygginga, ulike former for norsk og samisk nasjonalisme og nasjonal identitet.
Ketil Zachariassen (f. 1969) er historikar (PhD) og forskar ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø. Boka er ein omarbeidd og popularisert versjon av hans doktoravhandling. Han har tidlegare skrive om nordnorsk historie på 1900-talet, mellom anna om skapinga av Nord-Norge som region. For tida arbeider han med ei bok om SpareBank1 Nord-Norges historie frå 1988 til 2014.
Utgitt: 2012
Innbundet
Sider: 368
Språk: Nynorsk
ISBN: 9788282631174
Forlag: ČálliidLágádus