Svein Lund
Eit kritisk blikk på mineralnæringa i fortid, notid og framtid
Bokserien Gull, gråstein og grums kjem her med fjerde og siste bind. Mens dei tre første binda har konsentrert seg om mineralutvinning i Noreg, ser denne boka på den internasjonale mineralverksemda, med glimt frå gruvedrifta i nokre utvalde land, og forholdet mellom desse og Noreg.
Dei fleste rike mineralressursar er allereie historie, og det blir drive på stadig fat- tigare malm og produsert stadig meir avgang. Gruvene legg beslag på stadig større område og forureinar stadig meir. Boka er eit forsøk på å bidra til svar på spørsmål som:
– Korleis vi har kome i denne situasjonen?
– Kven tener på å auke gruvedrifta?
– Kven betalar rekninga for dagens mineralutvinning?
– Kva krefter fremmer auka gruvedrift og kva krefter forsøker å bremse denne?
– Kan dette halde fram samtidig som befolkninga i verda veks og treng meir areal for
matproduksjon?
– Fører «det grøne skiftet» til mindre eller meir gruvedrift?
– Kva er løysinga? Gruver på havbotn, gjenvinning eller redusert forbruk? – «Grøne gruver» – Kva er det og er det mogleg?
Utgitt: 2019-12
Myke permer
Sider: 300
Språk: Nynorsk
ISBN: 9788232901807
Forlag: Davvi Girji